Lærarrolla før og no

Dagens teknologi pregar kvardagen vår og har medført store endringar i høve informasjon, kommunikasjon og læring. Digital teknologi har opna opp for unike moglegheiter i skule- og opplæringstilbodet, men spørsmålet er om desse moglegheitene faktisk vert utnytta av elevar og lærarar for å effektivisere og styrke læringsprosessane i skulen.

Utvikling av læringsmetodar

I dag er det om lag tjue år sidan min første skuledag. På barneskulen var det éin ting som var gjennomgåande i undervisningssituasjonen: om nytt fagstoff skulle lærast, brukte læraren tavla slik at heile klassa skulle kunne sjå og høyre. Ein mykje brukt læringsmetode var at elevane skreiv av innhaldet på tavla i skrivebøkene sine, for deretter å arbeide med oppgåver individuelt eller gruppevis. Læraren var den sentrale læringsressursen i klasserommet. I dei fleste teoretiske faga vart lærebøkene brukt så godt som ein mal for kva som skulle lærast, og blyant og skrivebok var elevane sine mest brukte verktøy. Somme gonger vart likevel læraren som læringsressurs erstatta av film, data eller liknande. «Datatimen» var eit fast innslag på timeplanen. Denne timen vart først og fremst brukt i tilknyting til norsk- eller engelskfaget, i samband med tekstbehandling og skrivetrening. Likevel hugsar eg også enkelttilfelle der elevane nytta datamaskiner og internett til bilete- og informasjonsinnhenting til prosjektoppgåver og liknande. Databruken var også ei form for belønning for elevar som hadde fullført ordinære arbeidsoppgåver. Digitale verktøy var likevel som eit tillegg til det andre, ikkje ein integrert del av undervisninga.

Denne tradisjonelle måten å drive opplæring i skulen på, er nok framleis levande i større eller mindre grad. I likskap med Krokan (2010) opplever eg at grunnprinsippa for organisering og undervisningspraksis er relativt uendra. Trass store variasjonar i høve fag og lærar, er tavla og lærebøkene framleis sentrale delar av læringsmetodane. Bruk av datamaskiner er ikkje integrert i undervisninga, trass betre kvalitet og tilgang til digitalt utstyr. Forsking viser at førelesing framleis er den mest brukte formidlingsforma, og at mange lærarar strevar med fornuftig bruk av IKT i undervisninga (Krokan, 2010). Likevel har det skjedd ei utvikling. Dei fleste klasserom har installert lærar-pc og prosjektor, slik at undervisninga kan ha eit meir digitalt innhald enn tidlegare. Stadig fleire lærarar erstattar den tradisjonelle tavlebruken med smartboard eller liknande. Den nye læreplanen har medført at lærarar må bruke digitale verktøy meir aktivt og systematisk enn tidlegare. I matematikk er det blant anna eit krav at elevane skal kunne framstille diagram digitalt. Digitale skriveprogram tek stadig meir over i norsk- og engelskfaget. Både kortare innleveringar, tentamen og eksamen leverast no digitalt, noko som forenklar både skriveprosess og vurderingsarbeid.

Med bakgrunn i dette er det ikkje tvil om at det har skjedd ei viss utvikling. Elevane får i dag relativt mykje trening i å handtere ulike digitale verktøy reint teknisk. Likevel har ikkje læring- og undervisningssituasjonen endra seg i takt med den teknologiske utviklinga. Sjølv om papiret er i ferd med å bli erstatta av digital tekstbehandling, gjenstår det å endre arbeidsprosessane. Det er utvikling og tilpassing av arbeidsprosessane som skaper endring, ikkje teknologiutvikling i seg sjølv. Ein lyt finne metodar for å ta i bruk verktøya som gjer læreprosessane meir engasjerande og interessante. Undervisinga må tilpassast slik at teknologien bidreg til å styrke og effektivisere læring (Krokan, 2010).

Utvikling av lærarrolla

Frå å vere den mest sentrale læringsressursen med førelesing som dominerande undervisningsmetode, er læraren si rolle i dag på mange måtar endra. Men trass mange nye digitale hjelpemiddel, er læraren likevel framleis den viktigaste ressursen for læring (Krokan, 2010). Ein stor forskjell no er imidlertid at læraren har fleire element å spele på. Lærarar kan variere undervisning- og læringsmetodane på heilt nye nivå, nytte nye spanande vinklingar til nytt lærestoff og ikkje minst drive differensiert opplæring i høgare grad enn tidlegare. Truleg opplever lærarar meir engasjerte elevar ved å utnytte den naturlege interessa deira for digitale tenester. Dessutan har ein heile tida tilgang til rask informasjonsinnhenting og kan takle uføresette spørsmål ved eit par museklikk. Digitalisering av både planlegging- og vurderingsarbeid bidreg også til å lette arbeidskvardagen for læraren. Den digitale utviklinga har såleis bidrege positivt i høve den praktiske delen av lærarprofesjonen.

Samtidig blir det stilt større krav til læraren som må handtere digitale tenester på ein kompetent og pedagogisk tilfredsstillande måte. Til lærarrolla høyrer det med å vere oppdatert og ha kompetanse for kva digitale tenester som finnes og korleis dei kan bidra til auka motivasjon, læringsresultat og utvikling. Fleire opplever vanskar med å utøve god klasseleiing med tydelege reglar (Krokan, 2010) og halde på autoriteten i teknologitette klasserom. Med mange forstyrrande element, kan det vere krevjande å organisere undervisninga på ein slik måte at ho fangar elevane si interesse framfor sosiale medium og spel. Læraren spelar også ei viktig rolle i det å skulle veileie elevane i den digitale jungelen, vere gode førebilete og bidra til at elevane vert kompetente brukarar av digitale tenester. Saman med alle dei positive sidene ved den digitale utviklinga, har det difor kome heilt andre krav til læraren som tydeleg leiar i klasserommet for å kunne organisere opplæringa effektivt og pedagogisk riktig.

Digitale tenester og arenaer er komne for å bli, og skulen har ein lang veg å gå for å leve opp til alle krav om kompetanse for å kunne bidra til å danne gode, framtidige borgarar. Lærarrolla vil halde fram med å endre seg etter kvart som samfunnet utviklar seg, erfaringsmessig i eit relativt høgt tempo. Etterkvart vil truleg digitale løysingar vere like sjølvsagt som papir og blyant, men læraren vil sannsynlegvis alltid ha ei sentral rolle i opplæringa. Krokan (2010) viser korleis sosiale medium legg til rette for opne arbeidsprosessar. Tidlegare lukka klasserom og læringsressursar, vil etter kvart erstattast av opne nettverk og eit hav av tilgjengelege ressursar. Lærarrolla vil verte mindre prega av kollektiv undervisning, der læraren bestemmer arbeidsstoff, framdrift og arbeidsmåte, til fordel for individuell eller sosial læring via digitale tenester (Krokan, 2010). Dei unike læring- og undervisningsmoglegheitene som utviklinga har opna opp for, krev mykje kunnskap og kompetanse av framtida sine lærarar. Elevane skal veileiast og støttast i digitale omgivnader, vurderingsarbeid og ikkje minst samarbeid både med kollega, føresette og andre instansar, vil i stadig større grad føregå via nett. For at skulen skal medverke til å utvikle kompetente borgarar av framtida sitt samfunn og som kvalifiserer for ein arbeidsmarknad som også er i endring, vil det stillast stadig større krav til læraren. Kompetanse om problemløysing, kritisk tenking og kreativitet vil vere nøkkelferdigheiter som tek stor del av lærarrolla og opplæringa.

 

Kjelder:

Krokan, A. (2010). Smart læring: Hvordan IKT og sosiale medier endrer læring. Oslo: Fagbokforlaget.

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s