Personlege læringsnettverk (PLN)

Før eg tok til på dette studiet hadde eg ikkje høyrt nemninga PLN. PLN står for personleg læringsnettverk og er ein ny og effektiv måte å lære og tileigne seg ny kunnskap på. Krokan (2010) definerer personlege læringsnettverk som «åpne digitale tenester og ressurser som settes saman av den som skal lære» (s. 145). Eit personleg nettverk kan  blant anna bestå av kollegar, fagfolk, nettbaserte forum og bloggar, eller andre kjelder som bidreg til auka kunnskap (Krokan, 2010).

Slike offentlege nettverk opplevast av mange som svært nyttig for eiga kompetanseutvikling. Denne utradisjonelle måten å tileigne seg kunnskap på, opnar opp for ei kontinuerleg innhenting av kunnskap og kompetanse. Profesjonsfagleg digital kompetanse er ein dynamisk kompetanse som krev inputs og oppdatering. PLN er i denne samanheng ein glimrande læringsmetode for å halde seg oppdatert i den livslange læringsprosessen. Som Krokan (2010) legg vekt på, vil eit PLN vere tilpassa eigne ressursar og behov. Ein kan sjølv velje kven ein vil lære av og kva ein vil lære. Eit godt organisert læringsnettverk hjelper ein til å halde ulike kontaktar, støttespelarar og ressursar til hjelp for eigen yrkespraksis samla på ei felles plattform. Når nettverket først er etablert, er det dessutan sjølvorganisert (Krokan, 2010). Ved å opprette og nytte seg av eit offentleg læringsnettverk, vil også gode idear og inspirasjon til eigen praksis vere lett tilgjengeleg. Dessutan vil det vere høve til å diskutere ulike problemstillingar, lufte idear og tankar, stille spørsmål eller be om hjelp om naudsynt.

Ei ulempe Krokan (2010) trekkjer fram som eg også ser i høve PLN, er at denne utradisjonelle læringsmetoden ikkje gagnar alle. Svært mange beherskar framleis digitale læremiddel dårleg, medan andre føretrekk tradisjonelle måtar å tileigne seg kunnskap på. Ei anna ulempe er at sjølv om nettverket i seg sjølv er sjølvorganisert, vil det likevel krevje innsats og lærelyst som all anna læring. Gi og ta-prinsippet er sentralt. Om andre aktørar skal bidra med kunnskap og inspirasjon for eiga personlege læring og utvikling, lyt ein også sjølv yte og bidra med eigne ressursar og kunnskapar i gjengjeld. Med lett tilgjengeleg informasjon, kan det også vere freistande å ukritisk kopiere til dømes undervisningsopplegg eller idear frå andre, utan å vurdere opplegget i høve eigne klasse eller situasjon. Likevel ser eg svært positivt på slike offentlege læringsnettverk. Nettverka opnar opp for læring i fellesskap og kan redusere behovet for kursing og etterutdanning betrakteleg. Deling av kunnskap, openheit om individuelle styrker og svakheiter, samt vilje til stadig fornying og utvikling, er viktige nøklar i profesjonsutviklinga. Personlege læringsnettverk vil vere gunstig for å legge til rette for ein delingskultur i kollegiet.

 

Kjelder

Krokan, A. (2012) Smart læring, Hvordan IKT og sosiale medier endrer læring. Oslo: Fagbokforlaget.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s