Pedagogiske nettressursar

I kvardagen min som ungdomskulelærar nyttar eg fleire ulike nettressursar både i samband med planlegging og gjennomføring av undervisning. For å ha oversikt har eg laga ei samling over dei mest brukte og nyttige nettressursane. Denne samlinga ligg lett tilgjengeleg her på bloggen under nettressursar. Såleis vil eg lett kunne oppdatere denne lista etter kvart som eg kjem over fleire nyttige verktøy eller tenester.

Utdanningsdirektoratet

Utdanningsdirektoratet si heimeside er heilt essensiell i planleggingsarbeidet og elles i kvardagen som lærar. Her er alt av læreplanar og kompetansemål samla, i tillegg til regelverk, rapportar, undervisningsopplegg mm.

Delingsgruppe for undervisningsopplegg på facebook

Dette er ei Facebook-gruppe for lærarar og andre som arbeider med skulerelaterte saker. Her kan ein få inspirasjon til undervisningsopplegg, lufte idear i fellesskap eller be om hjelp.

Moava

Moava er ein nettstad for lærarar med undervisningsopplegg for 1. til 10. trinn i alle fag. Ein finn også lenker til ulike fagrelaterte tema, som t.d. nettvett eller grunnleggande ferdigheiter. Tilsvarande kan ein navigere som føresett, og finne mange nyttige lenker for barna, til dømes leksehjelp eller informasjon om heim-skule-samarbeid.

Del og bruk

Del og bruk er eit nettverk for alle med interesse for skule, sosiale medium og IKT. Her kan ein dele, bruke og ikkje minst auke den digitale kompetansen.

IKT i praksis

Dette er senter for IKT i utdanninga si nettside for deling av pedagogisk praksis, med fokus på å gi pedagogar tips og forslag til ulike IKT-verktøy til bruk i skulen. Her finn ein både læringsopplegg, appar og program som andre lærarar har prøvd ut i praksis.

Smart skole

Dette er ein delingsportal for undervisningsopplegg på Smartboard. Her kan ein søke etter fag og hovudområde og få tilgang til nye kreative måtar å framstille nytt lærestoff.

Matematikksenteret

På denne nettsida kan ein navigere etter klasserinn og kompetansemål for å finne tilpassa læringsstrategiar og arbeidsmåtar til bruk i planlegging eller undervisning. Ein fantastisk god nettressurs som er mykje i bruk i min kvardag som matematikklærar.

NRK Skole

Her kan ein navigere etter fag eller kompetansemål og finne nyttige filmsnuttar til bruk i undervisning. Dette fungerer fint som både presentasjon av nytt fagstoff eller som variasjon.

M+

M+ er ei fin side for matematikklærarar som vil ha ulike spel, oppgåver, aktivitetar og konkretiseringsmateriell lett tilgjengeleg. Her er oppgåver om alt frå tallinjer til algebra. Nettsida er god for å lage arbeidshefter til elevar som treng mengdetrening eller som ekstraarbeid.

Faktor

Ei nettside til læreverket Faktor i matematikk som eg har nytta i undervisning, både for lærarar og elevar. Her finnes øvingsoppgåver etter vanskegrad, skjema for undervegsvurdering og regelbøker. Lærarar kan også finne temabaserte problemløysingsoppgåver til bruk i undervisning.

Kikora

Ei fantastisk nettside til bruk i matematikkfaget mot betaling. Lærarar kan tilpasse opplegg for kvar enkelt elev sitt kunnskapsnivå. Elevane får kontinuerleg tilbakemelding på om dei er på riktig veg eller ikkje, og får hjelp til å identifisere feil der feilen skjer. Kikora er difor eit nyttig verktøy der elevane i stor grad kan arbeide sjølvstendig.

Eureka

Dette er nettsida til eit læreverk eg har nytta i naturfag. Her er blant anna digitale utgåver av lærebøkene i form av Smartbok, med innlest tekst og moglegheit for å ta notatar, søke etter innhald og spele av filmar. Nettsida har også ein ressursbank med spanande lenker sortert etter kapittel eller tema. Her ligg også samandrag og øvingsoppgåver til dei ulike kapitla.

Gruble

Gruble inneheld interaktive oppgåver som til dømes grublisar, puggeoppgåver eller quizar. Ein kan for eksempel trene geografikunnskapar eller gongetabell, og passar fint som pauseaktivitet eller belønning i undervisninga.

Dette er nokre av dei pedagogiske nettressursane eg nyttar i kvardagen min som lærar. Gi gjerne ein lyd om du har tips til andre interessante nettsider eller verktøy eg kan ha nytte av i samband med undervisning.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s