Barns mediekultur og 21st century learning

Medieutviklinga har utvikla seg enormt dei siste tiåra. Digitale løysingar pregar i stadig større grad kvardagen vår. Spesialiserte verktøy som fotoapparat, filmkamera, telefon og fjernsyn kan ein no få tilgang til i éin «enkel» liten smarttelefon. Denne spektakulære utviklinga har lagt til rette for ein unik mediekultur som barn og unge i dag veks opp i, og kommunikasjon gjennom ulike kanalar og sosiale medium er blitt ein naturleg del av kvardagen. Dagens elevar treng lærarar og pedagogar med kunnskap om og innsikt i denne jungelen av medium barn og unge kan ta del i – korleis kan ein arbeide for å utnytte elevane sin mediebruk til læring og utvikling?

Dagens mediekultur og læringsmåtar

Om eg ser tilbake på eigen barndom, var mediekvardagen for ti-tjue år sidan ein heilt annan enn i dag. Telefonar og datamaskin var ikkje ei sjølvfølgje. Sjølv hugsar eg korleis vi kvar dag hadde diskusjonar om kven av oss seks søskena som skulle få spele eller bruke internett på den eine stasjonære datamaskina vi hadde. I dag har alle seks kvar vår smarttelefon, datamaskin eller nettbrett – og dei får sjeldan kvile. Denne utviklinga har medført ei rekkje konsekvensar. Facebook, Snapchat, Instagram, YouTube og bloggar er nokre av enkelttelementa som pregar den digitale kulturen dagens barn og unge veks opp i. Frå å vere ukritiske nybegynnarar og konsumentar av digitale verktøy, har mange i dag vorte avanserte søkjarar, navigatørar, produsentar og kommunikatorar. Såleis har mange på mange måtar  vorte sin eigen «lærar» i såkalla interessebasert læring (DKL111, Leksjon 5).

Denne måten å lære på stiller store krav til informasjonskompetansen deira. Innhenting av informasjon er for dei fleste uproblematisk. Delingskulturen er også utbreidd blant barn og unge (Krokan, 2008). Ved samarbeid og kommunikasjon gjennom ulike digitale forum, vert kunnskap, erfaringar og inspirasjon delt med kvarandre. Utfordringa ligg i å kritisk vurdere reliabiliteten og validiteten blant informasjonskanalane, men også å utøve forsvarleg, etisk og moralsk bruk av digitale arenaer. I følgje læreplanverket skal elevane vere medverkande i eigen skulekvardag. Lærarane kan og bør utnytte elevane sin mediekultur som ein ressurs i skulesamanheng. Det er ikkje mangel på verken undersøkingar, forsking eller yrkesfagleg erfaring som viser korleis bruk av digitale verktøy fremjar engasjement og lærelyst blant dagens elevar.

21st century learning

I 2015 kom Ludvigsen-utvalet sin NOU for Kunnskapsdepartementet, som trekkjer fram ulike kompetanseområder elevane treng å lære i framtida (DKL111, Leksjon 5). Denne forståinga av framtida sin skule byggjer i stor grad på forskingsfeltet som tek føre seg 21st century skills eller  21st century-rammeverk. 21.århundre-kompetansar, altså kompetansar og læring tilpassa det 21. århundre, er truleg brukt for å skape merksemd om endringane som skjer (DKL111, Leksjon 5). I denne samanheng kan ein også tale om 21st century learning. Mykje av tanken bak omgrepet er at teknologiutvikling- og forståing endrar både den som skal lære, korleis ein lærer og faga ein skal lære (Säljö, 2010). Sjølv forstår eg omgrepet som kompetanse om å utnytte læring i samanheng med verda eller samfunnet vi til ei kvar tid er ein del av. Teknologien ser altså ut til å påverke kva som er viktig å lære, ikkje berre korleis. Med all informasjon lett tilgjengeleg, er det til dømes kanskje ikkje naudsynt å pugge gloser lenger? Eller historiske fakta? Til forskjell frå å ha fokus på kva ein skal kunne noko om, handlar 21st Century learning om kva ein kan gjere med det ein har lært (DKL111, Leksjon 5).

Eit samfunn og ein arbeidsmarknad som er i kontinuerleg endring, stiller strenge krav til kompetansar. Felles for 21. århundre-rammeverka er at dei opererer med tre hovudkompetansar som skal dekkje kompetansegrunnlaget samfunnsendringane krev; grunnleggjande kompetanse, tverrfagleg/fagovergripande/metakompetanse og livskompetanse (Erstad, Amdam, Arnseth & Silseth, 2014). Med grunnleggjande kompetanse er det meint blant anna kjernekunnskap om dei spesifikke faga. Informasjonskompetanse, inkludert digital kompetanse, vert også rekna som grunnleggjande. Elevane må kunne søkje, organisere og bruke informasjon frå ulike arenaer. Ikkje minst er kunnskap om forsvarleg, moralsk og etisk bruk av nettet svært sentralt. Under det andre hovudområdet, tverrfagleg/fagovergripande/ metakompetanse, ligg evne til problemløysing, kritisk tenking, kreativitet, samarbeid og kommunikasjon som overordna kompetansar. Livskompetanse vert rekna som kompetanse som dreiar seg om den lærandes «sjølv», eller ferdigheiter som skal gjere elevane rusta for livslang læring. Her inngår også kulturell kompetanse, etisk bevisstheit og empati, som vert rekna som avgjerande kompetansar for å kunne lukkast i det 21. århundre. Mange av desse kompetanseområda har alltid vore naudsynte, men to kompetanseområder skiljer seg ut som unike for dette århundre. Informasjonskompetansen fordi den enorme digitale utviklinga krev nye ferdigheiter og kunnskap for å lukkast enn tidlegare. Globalisering og nye tettare former for samarbeid, gjer også kulturell kompetanse unikt for det 21. århundre (DKL 111, Leksjon 5).

Konsekvensar for eigen lærarkvardag

Dagens lærarar står ovanfor ei rekkje utfordringar i høve 21st century learning. Det å trene elevane opp til ei verd som endå ikkje fins, kan høyes umogleg ut. Det som er avgjerande, er at ein opnar opp for å integrere teknologien i klasserommet, og ser moglegheiter framfor avgrensingar. Medieutviklinga har, som vi har sett, lagt nye føringar for kunnskap og læring, og det er på høg tid at dagens pedagogar utnyttar mediekulturen blant barn og unge som ein ressurs i læringssituasjonar. Sjølv er eg av den oppfatning at læringa skal ta utgangspunkt i elevane sine grunnleggjande interesser og kompetanse. Sosiale media bør difor vere ein naturleg del av skulekvardagen, i staden for å ekskludere bruken av media i skulen. Krokan (2012) viser blant anna korleis nettopp sosiale media legg til rette for opne og tilgjengelege ressursar og sosial læring. Ein måte å inkludere sosiale media på, er å opprette fag- eller delingsgrupper på Facebook for elevane. I tillegg til å stimulere fagleg kompetanse, vil elevane få trening i samarbeid og kommunikasjon, samt etikk og moral som er naudsynte kompetansar i slike delingsforum.

I høve 21st century learning-tenkinga er det frå min ståstad, viktig å la eleven vere i sentrum. Dersom elevane får vise kva dei kan og korleis dei vil arbeide med bestemte tema, kan nye spennande sider ved læringssituasjonane kome fram. Dette krev ikkje berre endring av elevrolla. Læraren vil ikkje lenger sitje med svaret, men vere ein veileiar som skal støtte og kome med gode råd for samspel og organisering (Krokan, 2008). Å ha medverknad i eigen læringsprosess er i stor grad med på å skape engasjement, lærelyst og skaparglede. Det å leggje til rette for problemløysingsoppgåver og samarbeid, framfor typisk mengdetrening og individuelt oppgåvearbeid, kan vere gunstig. Ein bør truleg arbeide meir praktisk med til dømes tverrfaglege prosjekt, der elevane sjølve får velje framgangsmåte og presentasjonsform. Såleis vil ein leggje til rette for kompetanseauke i både samarbeid, informasjon, problemløysing og kreativitet. Omvende klasserom vil truleg verte meir populært i framtida. Slike arbeidsmetodar gir elevane høve til å stille godt førebudd til timane, slik at dyrebar undervisningstid kan utnyttast til det fulle. I staden for å høyre på læraren sin gjennomgang, kan ein bruke kunnskap ein har lært i forkant av undervisning til utforsking og produktivt arbeid med læraren som veileiar og støtteapparat. Pedagogar må tørre å gi slepp på tradisjonelle læringsmetodar, og utnytte elevane sin medfødde kunnskap om digitale arenaer i opplæringa.

Sjølv om lærarane på mange måtar på tenkje nytt for å legge til rette for å utvikle kompetente borgarar av framtidas samfunn og arbeidsmarknad, er det viktig å ikkje gløyme andre essensielle sider ved opplæringa. Sjølv om mykje av fagstoffet i dagens skule vil vere irrelevant i framtida, vil framleis mykje av læringsstoffet vere sentralt også i framtida. Elevane må til dømes lære om ulike menneske og kulturar for å kunne utøve empati og respekt ovanfor kvarandre. Framtida vil truleg også stille krav til grunnleggjande matematiske kunnskapar, og ein må lære om ulike læringsstrategiar for å bli metakognitiv og lære korleis ein sjølv lærer best. Basisferdigheiter som lesing, skriving og rekning, er sjølvsagt sentrale også i framtida, og vil alltid vere ein stor del av opplæringa. Men digitale arenaer opnar opp for nye måtar å lese, skrive og rekne på, og akkurat det å tilpasse desse ferdigheitene for framtida, trur eg blir viktig. Säljö (2010) påpeikar at når alle har tilgang til informasjon, må ein fokusere mindre på informasjonsoverføring i skulen og meir på metakunnskap som korleis fine relevant informasjon, korleis kjenne att gode informasjonskjelder og kjeldekritikk. Kanskje treng ein ikkje pugge alle reglar for rettskriving når det florerer av rettskrivingsprogram og digitale ordbøker? Ei tydeleg handskrift er naudsynt, men kanskje er det ikkje lenger hensiktsmessig å bruke mange timar på lykkjeskrift, når mesteparten av skrivearbeidet føregår digitalt?

21st century learning-tenkinga viser at mykje av det ein held på med i dagens skule framleis er viktig, men at ein må opne opp for nytenking og tilpassing til den digitale utviklinga. Pedagogar må lage rom for kreativitet og innovasjon, nytenking og nyskaping i klasseromma. Framtidas arbeidsmarknad krev kreative sjeler med auge for gode løysingar, og det er vår oppgåve som lærarar å leggje til rette for utvikling av slike borgarar. Det viktige er å ha denne tenkinga som eit bakteppe for alt ein gjer; i planlegging, undervisning og etterarbeid. Ikkje minst er det gunstig å leggje til rette for ein delingskultur, både i elevgruppene og i kollegiet. Ein må også vere villige til å heile tida endre og tilpasse seg i takt med ny forsking og teknologi. Det er saman ein blir gode og kan tileigne seg kunnskap om korleis digitale arenaer kan fremje læring og utvikling.

Canva – eit digitalt verktøy for produksjon av samansette tekstar

Samansette tekstar er viktige kulturutrykk blant dagens unge, og eg har peika på viktigheita av å integrere elevane sin medfødde digitale interesse i klasserommet. Canva er eit enkelt verktøy der både lærarar og elevar kan arbeide med samansette tekstar i skulesamanheng for å bruke forståinga av 21st century learning praktisk i klasserommet. I Canva kan ein produsere statiske samansette tekstar. Til dømes kan eleven sjølv kan få i oppgåve å lage ulike design eller presentasjonar eller læraren kan lage oversikter eller illustrasjonar til bruk i undervisning. Ein kan også produsere plakatar til bruk i klasserommet. Ein kan framstille diagram i matematikk, illustrasjonar av eksperiment i naturfag, hendingsrekkjer i historie, matoppskrifter i mat og helse eller plakatar om ordklassar i norsk eller engelsk. Her er det berre fantasien som set grenser. Dersom elevane får god kjennskap til ulike funksjonar og valmulegheiter ved programmet, kan dette vere eit svært nyttig verktøy i høve engasjement, samarbeid og kreativitet. Etter litt eksperimentering presenterer eg her to forslag til korleis ein kan arbeide med Canva i klasserommet.

 

Tankekart celler
Eksempel 1: Tankekart om celler.
Prosent, brøk og desimaltal
Eksempel 2: Illustrasjon av samanhengen mellom prosent, brøk og desimaltal.

Det første eksempelet viser korleis ein enkelt kan lage tankekart om til dømes celler i naturfag. I det andre eksempelet har eg laga ei enkel oversikt over samanhengen mellom prosent, brøk og desimaltal. Slike illustrasjonar kan lagast av både lærar til undervisning, av elevar i prosjektarbeid og oppgåver eller som plansjar til klasserommet.

 

 

Kjelder

Amdam, S. H. & Nøstrud, T. F. (2017). Leksjon 5, DKL111: Skulen i (medie)samfunnet – Barn og unges mediekultur i møte med skule og samfunn. Høgskulen i Volda.

Erstad, O., Amdam, S., Arnseth, H. C. & Silseth, K. (2014). Om fremtidens kompetansebehov. En systematisk gjennomgang av internasjonale og nasjonale initiativ. (Forskingsrapport til Ludvigsen-utvalet). Henta frå http://nettsteder.regjeringen.no/fremtidensskole/files/2014/05/Konseptgjennomgang-om-fremtidens-kompetansebehov_juli_2014.pdf

Krokan, A. (2008). Oppvekst i det digitale nettsamfunnet. [Blogginnlegg]. Henta frå http://www.krokan.com/arne/oppvekst-i-det-digitale-nettsamfunnet/

Krokan, A. (2012). Smart læring. Hvordan IKT og sosiale medier endrer læring. Bergen: Fagbokforlaget.

Säljö R. (2010) Digital tools and challenges to institutional traditions of learning: technologies, social memory and the performative nature of learning, Journal of Computer Assisted Learning. Blackwell Publishing Ltd (26 s.)

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s